Landsdekkjande, ideell medlemsorganisasjon som skal arbeide for å
fremje måla og idégrunnlaget til økologisk landbruk. Organisasjonen
skal vere ein leiande organisasjon for økologisk samfunnsutvikling.
Organisasjonen skal styrkje det økologiske miljøet i Norge, også
gjennom eit internasjonalt engasjement. Dette skal gjerast ved å: ta
vare på forbrukarane sine krav til mat, helse og miljø, arbeide for
best moglege rammevilkår for økologisk landbruksproduksjon, skape
interesse og entusiasme for økologisk livsstil og ernæring, betre
omsetningstilhøva og marknadstilgangen for økologiske
landbruksprodukt, spreie informasjon om økologisk landbruk, fremje
rekruttering til økologisk produksjon, betre kunnskaps- og
kompetansenivået ved satsing på auka forsking, undervisning og
vidareutvikling av økologisk landbruk, styrkje samarbeidet mellom
aktørar innan næring og miljø, og mellom bønder og forbrukarar
Foreininga skal vere ein partipolitisk nøytral organisasjon.
Åpen organisasjon for alle som slutter seg til formålet.
Organisasjonen vil arbeide for å fremme utviklingen av økologisk
landbruk.