§1 Lagsføremål: Spelemannslaget Bøheringen blei stifta i 1934 oghar
som førmål å samle spelemenn og andre interesserte for å dyrke og ta
vare på folkemusikken i Telemark, med vekt på tradisonen frå Bø. §2
Lagsverksemd: Laget si hovudoppgåve er å skape eit miljø for
folkemusikken i Bø ved å drive opplæring i hardingfelespel, øve inn
slåttar i samspel og skipe til folkemusikkveldar, samkomer og
kappleikstemne. Laget bør så langt råd er samarbeide med andre lag og
institusjonar som arbeider for å fremje vørnaden for folkemusikk og
folkedans. Vidare skal laget søkje å take vare på tradisjonsstoff
omkring folkemusikken i Bø.