Laget Håkon Adalsteinfostre i Gula skal vere ein pådrivar for å setje
opp og spele heile, eller delar av sogespelet «Håkon Adalsteinfostre i
Gula». Laget Håkon Adalsteinfostre i Gula skal sørge for å ta vare på
alle eigedelane til sogespelet «Håkon Adalsteinfostre i Gula». Med
eigedelar meiner ein til dømes kostymer, rekvisittar, sminke,
sminkespeglar og sminkelys. Laget skal ta vare på arkivet med mellom
anna manus til sogespelet, dokument frå oppsettingar og bilete frå
framsyningar og arbeidet rundt desse. Laget Håkon Adalsteinfostre i
Gula skal inspirere til frivillig arbeid knytt til Gulatinget og
Gulatingslova.