Å forvalta eigenkapitalbevisa som vart tilførte ved opprettinga, og å
utøva ein langsiktig og stabil eigarskap i Jæren Sparebank. Stiftinga
kan elles plassera midla på ein formålstenleg og betryggjande måte ut
frå omsyn til tryggleik, risikospreiing, likviditet og med sikte på å
oppnå marknadsmessig avkasting på eigenkapitalen.
Stiftinga kan disponera overskot og dela ut pengar til allmennyttige
formål. Stiftinga skal i si utdeling særleg ta omsyn til det
distriktet som har bygt opp kapitalen i tidlegare Time Sparebank.
I si verksemd skal stiftinga gjennom eigarskapen i Jæren Sparebank og
vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godt lokalt forankra
sparebanktilbod i kommunane Time og Hå. Elles kan stiftinga driva anna
verksemd som er i samsvar med formål og dei rammene som til ei kvar
tid følgjer regelverket for Sparebankstiftingar.
Forvalta eigenkapitalbevisa som vart tilførte ved opprettinga, og å
utøva ein langsiktig og stabil eigarskap i Jæren Sparebank.